Knarvik Videregående Skule is rated 3 out of 5 in the category primary/secondary education. Read and write reviews about Knarvik Videregående Skule. Knarvik vidaregåande skule er den største vidaregåande skulen i Nordhordland og ein av dei største i Hordaland. Skulen har åtte studieretningar og vil frå hausten 2010 ha meir enn 1000 elevar. Skulen har i dag to driftseiningar (avdelingar), Juvikstølen og Kvernhusmyrane. Hausten 2009 tok ein i bruk eit større tilbygg på Juvikstølen. I nybygget har utdannings programma for Teknikk og industriell produksjon og Design og handverk fått plass. Samstundes driv ein ombygging og opprusting av det meste av den gamle bygningsmassen både på Juvikstølen og Kvernhusmyrane. Innan skuleåret 2009-2010 er omme, vil vi ha ein skule med auka areal og tidhøvelege lokaler til undervisning. Dei to vidaregåande skulane i Knarvikområdet vart til på midten av 1960-talet - og har gjennom nær femti år spelt ein viktig rolle i regionen. Her har nordhordlandsungdom fått høve til å skaffe seg yrkes- og studiekompetanse utan å måtte flytte heimanfrå for å gå på skule - og etter fullført opplæring har elevane fått høve til å gjere seg nytte av kompetansen sin i offentlege og private verksemder i sitt eige heimemiljø.
Company size
51-200 employees
Headquarters
Isdalstø, Hordaland